top of page

Salgsbetingelser / Vilkår for bruk -  V.E.R.A Coaching / V.E.R.A Community

Salgsbetingelser og bruksvilkår for digitale tenester og medlemskap i V.E.R.A Coaching / V.E.R.A Community / Christian Valsvik - V.E.R.A Coaching org:836259882

Ved å kjøpe eller bruke våre tenester, stadfestar du at du har lese og godteke desse vilkåra.


Innhaldsliste:

  1. Avtalen

  2. Aldersgrense

  3. Tenester og plattform

  4. Pris

  5. Kampanjar, rabattar og prøveperiodar
    - Prøveperiodar
    - Rabattar/kampanjar
    - Verving, gratis produkt og kredittsystem
    - Kjøp i plattformen

  6. Betaling og abonnement
    - Kvittering
    - Avslutning av abonnement

  7. Levering

  8. Angrerett

  9. Refusjon

  10. Reklamasjon

  11. Sjukdom eller dødsfall

  12. Ansvar og avgrensingar

  13. Personvern og bruk av informasjon
    - Registreringsinformasjon
    - Kva vi samlar inn
    - Korleis vi brukar opplysningane
    - Innsyn og rettar
    - Lagring og sletting
    - Stripe
    - Marknadsføring

  14. Etiske retningslinjer og avslutning av abonnement
    - Strike-systemet

  15. Konfidensialitet og eigedomsrett

  16. Force majeure

  17. Oppdatering av vilkår

  18. Konfliktløysing

  19. Kontaktinformasjon

1. Avtalen

Desse vilkåra regulerer ditt kjøp og bruk av digitale tenester levert av Christian Valsvik - V.E.R.A Coaching, organisasjonsnummer 836259882, Hjalmevegen 3, 3580 Geilo. Vilkåra gjeld for alle avtalar mellom oss og deg som kunde. Vilkåra kjem i tillegg til ufråvikeleg norsk lov, mellom anna angrerettlova, forbrukarkjøpslova, ehandelslova og personopplysningslova (GDPR).

2. Aldersgrense

Du må vere minst atten (18) år for å inngå avtale med oss. Dersom du er yngre, krevst skriftleg samtykke frå føresette.

 

3. Tenester og plattform

Vi leverer digitale tenester som kurs, coaching, medlemskap og anna innhald til dømes arbeidsark, lydfiler og videoar. Tilgangen skjer elektronisk via Heartbeat-plattforma.

 

4. Pris

Alle prisar er oppgitt i norske kroner og inkluderer meirverdiavgift dersom ikkje anna er opplyst. Eventuelle tilleggskostnader blir opplyst før du bestiller.

 

5. Kampanjar, rabattar og prøveperiodar

Vi kan tilby kampanjar, rabattkodar, vervekampanjar og prøveperiodar (til dømes sju (7) dagar gratis).

  • Prøveperiodar: Dersom ikkje anna er opplyst, går prøveperiodar automatisk over til betalt abonnement når perioden er utløpt. Du må seie opp innan fristen dersom du ikkje ønskjer vidareføring.

  • Rabattar/kampanjar: Gjeld berre i oppgitt tidsrom og kan ikkje kombinerast med andre tilbod med mindre dette er opplyst. Rabatt må registrerast ved kjøp og kan ikkje etterregistrerast.

  • Verving, gratis produkt og kredittsystem: Gratisprodukt eller fordelar som blir gitt gjennom verve-kampanjar, blir utløyst berre når vilkåra i kampanjen er oppfylte (til dømes at den verva personen har fullført registrering og betaling). Belønninga blir gitt som V.E.R.A-kreditt i systemet, og denne kreditten kan berre nyttast til kjøp av produkt eller tenester innanfor portalen. Kreditten har ingen kontantverdi, kan ikkje bytast inn i pengar, overførast til andre, eller gi rett til refusjon eller angrerett.

     

  • V.E.R.A-kreditt er eit internt bonus- og lojalitetssystem, og reknast ikkje som elektroniske pengar eller betalingsmiddel etter finansavtalelova. Kjøp i plattformen: Du kan kjøpe tilleggstenester (t.d. coaching, kurs, e-bok) inne i systemet. Slike kjøp følgjer same vilkår for betaling, angrerett, reklamasjon og personvern som i desse vilkåra.

 

6. Betaling og abonnement

 

Betaling skjer via Stripe.
 

  • Abonnementet ditt blir trekt automatisk frå startdato og fornyast kvar månad på same dato. Beløpet blir trekt på det kortet du har registrert hos oss gjennom Stripe. Dersom betaling ikkje går gjennom, prøver systemet inntil tre (3) gonger i løpet av fem til seks (5–6) dagar. Du har tilgang i denne perioden. Dersom betaling framleis ikkje går gjennom etter desse forsøka, blir tilgangen sperra. Du må likevel betale for den perioden som har starta.

  • Dersom du avsluttar abonnementet etter at ein ny periode har starta, må du betale for denne perioden sjølv om kortet enno ikkje er belasta.

Kvittering:

  • Kvittering eller faktura blir sendt automatisk via Stripe til e-postadressa du har oppgitt. Avslutning av abonnement Du kan når som helst avslutte abonnementet ditt på to (2) måtar:

  • Direkte i Heartbeat – Logg inn på kontoen din – Gå til Innstillingar → Abonnement – Klikk på Avslutt abonnement

  • E-post – Send e-post til cn.valsvik@gmail.com og bekreft oppseiinga. Oppseiinga gjeld frå tidspunktet vi har mottatt e-posten.

  • Alle andre metoder for oppseiing er ikkje gyldige og vil ikkje tre i kraft før punkt 1 eller 2 er oppfylt.

  • Når oppseiing er gjort, vil ikkje nye trekk bli gjennomført. Du har tilgang ut den perioden du allereie har betalt for, eller som allereie har starta.

 

 

7. Levering

Du får tilgang til digitale tenester straks etter at betaling er registrert, dersom ikkje anna er opplyst ved kjøpet. Dersom du opplever feil eller problem ved innlogging, pliktar du å gi oss melding straks slik at vi får moglegheit til å rette opp feilen. Dette skjer i tråd med kjøpslova og annan ufråvikeleg lovgiving.

 

8. Angrerett

Du har fjorten (14) dagar angrerett frå kjøpsdato, jf. angrerettlova.

  • Angreretten gjeld berre dersom tenesta ikkje er teke i bruk.

  • Dersom du vel å starte digital tilgang eller coaching med ein gong, og du har uttrykkeleg samtykka til dette ved kjøpet (t.d. ved å krysse av i kjøpsløpet), mister du angreretten frå oppstartstidspunktet.

Bruk av angreretten må meldast skriftleg til cn.valsvik@gmail.com innan fristen.

 

9. Refusjon

Vi gir ikkje refusjon for påbegynt eller fullført abonnementsperiode som du har hatt tilgang til. Du har rett på refusjon dersom vi ikkje kan levere tenesta som avtalt, eller dersom du brukar angreretten i samsvar med punkt åtte (8). Refusjon skjer til same betalingsmåte via Stripe. Les meir: Stripe Refunds FAQ og Stripe Privacy Policy (lenker på nettsida vår).

 

10. Reklamasjon

Dersom tenesta ikkje fungerer som avtalt, kan du reklamere etter forbrukarkjøpslova.

Du pliktar å gi oss melding umiddelbart om feil eller manglande tilgang. Dersom du ikkje gir beskjed innan rimeleg tid etter at du oppdaga eller burde ha oppdaga feilen, kan det påverke dine moglegheiter for reklamasjon eller erstatning. Klage sendes til cn.valsvik@gmail.com.

 

11. Sjukdom eller dødsfall

  • Ved dødsfall kan abonnementet seiast opp straks frå den dato pårørande gir beskjed. Betalt/perfeksjonert periode blir ikkje refundert.

  • Ved alvorleg sjukdom eller særlege grunnar kan du be om pause eller oppseiing. Vi vurderer slike tilfelle individuelt, men normalt blir det ikkje gitt refusjon for påbegynt periode.

 

12. Ansvar og avgrensingar

  • All coaching og kursmateriell er meint som støtte til personleg utvikling. Det erstattar ikkje profesjonell medisinsk, psykologisk eller juridisk rådgiving.

  • Vi kan ikkje garantere konkrete resultat, og anbefaler alltid medlemer å søke hjelp om dei treng det.

  • Vi kan ikkje ta ansvar for eventuelle konsekvensar av val, handlingar eller resultat som følgje av informasjon frå våre kurs eller coachingtenester.

  • Vi er ikkje ansvarlege for tap som følgje av feil hos tredjepart (Stripe, Heartbeat, internettleverandørar, programvareleverandørar m.m.).

  • Kortvarige avbrot hos tredjepart gir ikkje rett til refusjon. Ved nedetid som varer utover det som er rimeleg etter kjøpslova, kan du ha rett på prisavslag eller heving i samsvar med lova.

 

13. Personvern og bruk av informasjon

Registreringsinformasjon Du pliktar å oppgi korrekte og fullstendige opplysningar. All informasjon du registrerer skal vere sannferdig og ikkje forfalska. Dersom du oppdagar feil, må du kontakte oss umiddelbart slik at vi kan oppdatere informasjonen.

Kva vi samler inn:

  • Namn, adresse, e-post, telefonnummer

  • Betalingsinformasjon (kortnummer og sensitive kortdata blir ikkje lagra hos oss – Stripe behandlar dette)

  • Bruksdata (kva kurs/innhald du har tilgang til og kor aktiv du er i programmet)

     

Korleis vi brukar opplysningane:

  • For å levere og administrere tenestene du har bestilt

  • For å kontakte deg med praktisk informasjon og oppfølging

  • For å sende nyheitsbrev og tilbod (du kan reservere deg når som helst)

  • For å tilpasse kommunikasjon for ei meir personleg oppleving

  • For å løyse saker, feil eller tvistar

 

Innsyn og rettar:

  • Du kan når som helst be om innsyn, retting eller sletting av opplysningane dine ved å kontakte oss.

  • Lagring og sletting Informasjon lagrast så lenge du er aktiv kunde.

  • Når du seier opp abonnementet ditt, kan vi framleis lagre namn og e-post for å sende nyhetsbrev og tilbod. dersom du har reservert deg eller trekt samtykket ditt for nyhetsbrev blir all informasjon slettet fra våre system.

 

Stripe

  • Betalingar skjer via Stripe.

  • Kortinformasjon blir behandla av Stripe i tråd med deira eigne reglar for personvern og datasikkerheit.

  • Vi har ikkje tilgang til kortnummer eller sensitive betalingsdata, berre nødvendige transaksjonsdata (beløp, tidspunkt, status).

Marknadsføring

  • Vi deler aldri personopplysningane dine med tredjepart til marknadsføringsføremål.

  • Vi har inngått databehandlaravtalar med våre leverandørar (t.d. Heartbeat og Stripe) i samsvar med GDPR artikkel 28, for å sikre trygg og lovleg handsaming av personopplysningar.

  • Dersom du meiner vi handsamar opplysningane dine i strid med regelverket, kan du klage til Datatilsynet (www.datatilsynet.no).

 

 

14. Etiske retningslinjer og avslutning av abonnement

Vi forventar at du opptrer respektfullt og ansvarleg. Brot på etiske retningslinjer kan føre til oppseiing av abonnement utan refusjon, inkludert, men ikkje avgrensa til:

  • Trakassering eller krenkande åtferd.

  • Deling av seksuelt eller pornografisk innhald eller lenker.

  • Bevisst svindel eller villedande informasjon.

  • Spam eller uønska innhald.

  • Truslar, hat eller diskriminerande ytringar.

  • Deling av politiske ytringar, propaganda eller sterkt polariserande innhald som kan skape uro eller konflikt i fellesskapet (plattforma er ikkje ein arena for politiske kampanjar)

  • Brot på retningslinjer etter skriftlege åtvaringar Misbruk av systemet eller uautorisert tilgang

  • Handlingar som klart bryt med våre verdiar og grunnprinsipp

  • Deltaking i videosamtalar, live-arrangement eller andre samankomster i påverka tilstand av alkohol eller andre rusmiddel. Dette gjeld ikkje når du ser kursinnhald på eiga hand.

  • Manglande etterleving av reglar gitt i event-trådar, meldingar eller andre offisielle kanalar

 

Strike-systemet

  • Første brot: Du får ein skriftleg åtvaring («strike») på e-post som forklarer kvifor du får strike.

  • Andre brot: Abonnementet blir avslutta umiddelbart.

Vi forstår at uhell kan skje, og vi vil alltid vurdere situasjonen nøye. Vi forbeheld oss retten til å terminere abonnementet direkte utan å bruke strike-systemet dersom brotet er grovt - til dømes bevisst svindel, truslar, hatytringar eller deling av ulovleg materiale eller utført på ein klart uaktsom måte.

 

 

15. Konfidensialitet og eigedomsrett

Alt innhald du får tilgang til (dokument, videoar, lydopptak, presentasjonar, kursmateriale, meldingar m.m.) er konfidensielt («hemmelig») og vår eigedom. Du kan ikkje dele, kopiere, publisere eller distribuere slikt innhald utan skriftleg samtykke frå oss. Ved brot kan abonnementet ditt bli avslutta umiddelbart, og vi forbeheld oss retten til å krevje erstatning for økonomisk tap – inkludert tapte inntekter, kostnader til oppfølging av brotet og annan skade som handlinga har påført oss.

 

16. Force majeure

Vi er ikkje ansvarlege for manglande levering eller forsinka oppfylling av avtalen dersom dette skuldast forhold utanfor vår rimelege kontroll, i samsvar med kjøpslova. Dette inkluderer, men er ikkje avgrensa til, naturhendingar, streik, brann, pandemi eller pålegg frå offentlege styresmakter (force majeure).

#17. Oppdatering av vilkår

Vi forbeheld oss retten til å oppdatere desse vilkåra ved behov. Dei gjeldande vilkåra vil alltid vere tilgjengelege på nettsida vår.

Endringar trer i kraft frå den dato dei blir publisert. Dersom vi gjer vesentlege endringar som påverkar dine rettar eller plikter, vil du bli varsla via e-post minst 7 dagar før endringane trer i kraft.

 

18. Konfliktløysing

Klager skal rettast til oss på e-post. Tvistar skal søkjast løyst i minnelegheit. Du kan òg ta kontakt med Forbrukarrådet (www.forbrukerradet.no).

Eventuelle tvistar som ikkje kan løysast i minnelegheit, skal behandlast etter norsk lov med Viken tingrett som verneting.

 

19. Kontaktinformasjon

For spørsmål om vilkåra, angrerett, reklamasjon eller oppseiing: E-post: cn.valsvik@gmail.com Adresse: Hjalmavegen 3, 3580 Geilo

Christian Valsvik - V.E.R.A Coaching - 836259882

bottom of page